Dette er møteplassen for oss som er råka av kreft, enten som pasient, pårørande eller etterlatne. Her er inga påmelding eller medlemslister, vi møtest med litt alvor, litt fag og mykje godt humør og god kaffi.
Her kan ein treffe medmenneske i same situasjon. Kanskje kan ein lære litt, kanskje kan ein dele eiga erfaring, men det er og meint som berre ein plass å vere.
På våre møter er der alltid ein kreftsjukepleiar med, slik at det er høve til å ta opp ting, både i plenum og heilt privat.
Til februarmøtet får vi nytte av samarbeidet med Kreftforeningen. Espen Torsrud vil snakke om temaet “Normale reaksjonar i unormale situasjonar”. Her vil han utdjupe kroppslige normalreaksjonar, korleis stress ved t.d. sjukdom, påverkar kroppen og med fokus på å forstå reaksjonsbildet.
Espen Torsrud er psykotraumatolog, og har jobba med alvorlig sjukdom og krisetematikk tidligare, også for Kreftforeningen.
Du er hjarteleg velkomen.
Meir informasjon er å finne på Kommunekalendaren, eller kontakt Anita Lothe ved Gloppen Kommune.
Mvh ansvarsgruppa
