Temakaféen er staden der ein kan treffe medmenneske som er i same båt som ein sjølv, enten ein har vore eller er råka av kreft, om ein er pårørande eller etterlatne. Vi møtest fyrste onsdagen i kvar månad, vi har ikkje medlemslister eller kontigent, vi berre møtest til koseleg samvær, fylt med ei god blanding av skjemt, alvor, kultur og fagleg stoff. Dette er eit samarbeid mellom Gloppen Kommune og Kreftforeningen.
I desember blir det juleavslutning
Då vil vi bruke denne samlinga til å vere ilag og kose oss med pizza. Hyen spelemannslag kjem også og spelar for oss - eit fint innslag i førjulstida. Kreftsjukepleiar blir som vanleg tilstades.
Velkomne, gamle som nye.
Om du treng meir informasjon eller hjelp, kontakt Anita Lote på Heradshuset.