Stillingar for ferievikarar i Gloppen kommune sommaren 2024

Ynskjer du å arbeide i Gloppen Kommune i sommar? Vi har behov for ferievikarar i fleire av våre einingar. Er du omgjengeleg og er god på å skape relasjonar til andre mennesker?  -Då treng vi deg som ferievikar i Gloppen kommune.

Innan helse og velferd avviklar vi hovudferien i veke 26-33, nokre einingar også veke 25 og 34.  Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og dei som kan jobbe seks veker blir prioritert.

Når det gjeld barnehagestillingane har vi behov for vikarar som kan jobbe veke 27, 28, 31 og 32. Enkelte barnehagar kan ha behov utover desse vekene.

Sjå stillingsutlysingane og søk innan fristen

 

ei kvinne og Barn i barnehage sit ved benkebord - Klikk for stort bilete Breim Barnehage