Presentasjon av skisse av skate- og aktivitetspark:
Curve Studio har samla innspel frå barn, unge og vaksne om korleis ein kombinert skate- og aktivitetspark bør vere, og teikna ein skisse. Den er justert i lag med lokale skate-arar i fleire omgangar, for å få ulike element til å fungere godt saman.
Må skate- og aktivitetsparken være i sentrum – bør den ligge ved skulane eller ein heilt annan plass?
Ungdomsrådet har heile tida meint at når ein tar vekk skateparken i sentrum, må det lagast til ny i sentrum. Ungdomsrådet vil at fleire barn og unge skal få vere med å snakke om dette. Det kan vere fleire alternativ til kvar skate- og aktivitetsparken skal vere, men det kan ikkje vere berre vaksne som diskuterer dette.
Alle plassar har både fordelar og ulempe. Dei som vil bruke parken må diskutere dette og seie kva dei meiner er best. Det er mange ting å ta omsyn til i ei sånn sak, og det er kommunestyret som bestemmer. Dette er viktig for barn og unge, derfor kan ikkje politikarane avgjere det før dei har høyrt på dykk!
Derfor er det viktig at du kjem på møtet!
Teikning skatepark