Robuste barn - ope foredrag

Livet er ikkje ein dans på roser - korleis rustar vi barna våre til å tåle det livet har å by på?

Vi støttar, stimulerer og hjelper barna våre. Vi lyttar og forstår. VI vil det beste for dei, og gjev dei ikkje berre det dei treng, men også det dei ynskjer seg.  For vi vil jo at barna skal vere nøgd med oss!

I vår iver etter å beskytte barna mot ubehag og motstand skaper vi kanskje ein generasjon som ikkje står så godt rusta til å tåle livet sine opp- og nedturar. Vi må la dei både meistre og mislykkast - derfor må vi våge å stille krav og sette grenser. Vi må tåle at dei gjer opprør og at dei har vanskelege følelsar. 

For kva er egentleg psykisk uhelse, og kva er naturlege følelsereaksjonar? For at barna skal øve på å tåle sine følelsar, må vi vaksne tåle våre! Vi må la barna få utforske verda og gå litt på trynet - heilt i fred. 

Line Marie Warholm

er psykologspesialist og psykoanalytikar. Ho er forfattar av bøkene bøkene «Foreldrerevolusjonen - Fire veier til robuste barn» og «Robuste barn – Fra ofre til sosiale superhelter», og ho er fast spaltist i Aftenposten. Ho har bakgrunn frå barne- og ungdomspsykiatrien og familievernet, frå psykisk helsevern for voksne og sikkerhetspsykiatri, frå privat praksis og frå arbeid som fagkyndig meddommar i tingretten.

Ope foredrag/foreldremøte

Gratis billettar til foreldre og tilsette i barnehage, skule og oppvekst. Informasjon om fribilettar kjem som foreldrepost på Vigilo/frå barnehagen.

22. april kl 19

Kultursalen, Trivselsehagen

 

Andre som ikkje er i gratisbillettgruppa kan kjøpe billettar til foredraget - Billettar finn du her