Den endelige fristen er fredag 31. mars kl 12.
Eit listeforslag vert rekna som levert når det er kome kommunen i hende, riktig utfylt og signert.
Valgdirektoratet har utarbeidd ein eigen listeforslagsportal som vi oppfordar partia til å nytte seg av. Direktoratet har også utarbeidd ein eigen papirmal for dei partia som heller vil levere på papir.
Hugs signering
Valgdirektoratet melder om at dei har fått inn mange listeforslag frå heile landet, som er blitt levert gjennom portalen, men at dei ikkje er blitt signert av tillitsvalde. og at dei dermed ikkje er gyldige. Vi må difor minne partia om at dei sørgjer for at lovpålagde signaturar er på plass ved levering av lister.
Gå til meir informasjon om levering av listeforslag
Har de spørsmål om levering av lister og signering via portalen - ta kontakt med valgdirektoratet på epost: support@valgdirektoratet.no