Stallane på Øyrane
Den 20. mars handsama kommunestyret saka om riving eller rehabilitering av stallane på Øyrane. Kommunestyret set pris på det store engasjementet i saka. Det er kome fleire innspel til bruk, som tek utgangspunkt i eit ønskje om å gjere bygninga til eit aktivum for området.
Sidan kommunen har avgrensa ressursar til å engasjere seg i arbeidet, vil ein sjå positivt på eit privat initiativ for rehabilitering og utvikling av stallane. Kommunen sitt bidrag vil vere å overføre stallane vederlagsfritt til ei stifting, ein organisasjon eller eit AS som tek ansvar for bygninga og vidare utvikling av den. Vilkåret er at bygninga blir teke vare på, pussa opp og finn sin naturlege plass i miljøet rundt jekta.
Kommunen har søkt og fått tilsegn frå Vestland fylkeskommune om kr 365 000 til rehabilitering av taket på stallane. Kommunen ønskjer å få til ein avtale slik at midlane kjem evt. privat aktør til gode og kan inngå i kostnader med rehabilitering av bygget. Vestland fylkeskommune har gitt signaler om at det også er muleg å søke om meir tilskot ved seinare høve til rehabilitering av utvendig kledning.
Send inn skriftlege innspel til kommunen før 1. mai
Kommunen ber private aktørar/organisasjonar om skriftlege innspel i form av ein forretningsplan som syner grunnlag for sunn forretningsmessig drift innan 01.05.2025.
Send innspel til postmottak@gloppen.kommune.no.
Om du elles har spørsmål om saka - ta kontakt med:
- Kultursjef Birte Fossheim på mob 924 77 248 eller
- Kommunalsjef Torbjørn Brandsæter på mob 452 26 186
Eventuelle avtalar med private aktørar vil bli lagt fram for kommunestyret.
Om det ikkje er muleg å utvikle bygninga i privat regi, har kommunestyret vedteke at stallane skal rivast.