Nordfjord SMAK - pop-up butikkar i desember

Nordfjord Smak ønskjer å gjere det enklare å handle lokal mat og drikke i Nordfjord! I desember etablerer vi pop-up-butikkar fulle av gode lokale varer frå heile Nordfjord.

Er du lokalmatprodusent?

Her vil du som lokalmatprodusent ha moglegheit til å vise fram og selje varene dine! Det blir Pop-up-butikkar i Stryn, Sandane og på Nordfjordeid. Om du vil kan du ha varer i alle butikkane. Sal av varene blir gjennomført etter kommisjon, og du som produsent kan levere og plassere varene dine direkte i butikken etter nærmare avtale. 

Benytt denne unike moglegheita til å få promotert og selt varene dine - og bidra til at Nordfjordingane kan velje kortreist kvalitetsmat til jul! 

Kvar finn eg butikkane?

Stryn

Lodgen Stryn,  Perhusvegen 27 

Kontakt: Ingvill Tronrud 905 34 087 

Sandane 

Tidlegare lokale til Vaffleriet Nordstradsvegen 17 

Kontakt: Torstein Kollevåg 480 43 228 

Nordfjordeid 

Sunkost Alti Nordfjord Sjøgata 21 

Kontakt: Arild Vonheim 924 09 929