Vi søkjer ein sjølvstendig, kunnskapsrik, engasjert og omgjengeleg person som skal bidra til at innbyggarar og tilsette får betre digitale løysingar. Du bør ha leiarerfaring og evne å inspirere medarbeidarane gjennom å vere målbevisst, løysingsorientert og gjennom å yte god kundeservice. Du må ha gode kommunikasjonsevner der det å beherske norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg er viktig.
Som teamleiar på Brukarstøtte jobbar du i ei avdeling med 5 tilsette og 1-2 lærlingar. Du jobbar også tett saman med dagleg leiar/assisterande dagleg leiar, CISO, teamleiar Infrastruktur og teamleiar for Server og Applikasjon. Som teamleiar for Brukarstøtte skal du også jobbe tett med - og ut mot - våre eigarkommunar.
Førstelina til Brukarstøtte yt kundeservice og support til kommunane knytt til mellom anna teknisk drift av IKT-utstyr og lokal brukarstøtte med fjernstyring.
I rolla som teamleiar for Brukarstøtte skal du ha ei tett oppfølging av dei tilsette i eininga og eit direkte operativt ansvar ut mot kommunane. Overordna personalansvar ligg hos dagleg leiar, men som teamleiar har du eit medansvar for den daglege oppfølginga av dei tilsette i eininga.
Stillinga er lokalisert i Måløy saman med driftseininga. Oppmøte- og kontorstad er i Deknepollen. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.
Søknadsfristen er 30. april
Sjå heile utlsyinga og søk på stillinga her