Kulturmidlar til lag og organisasjonar

Fristen for lag- og organisasjonar som vil søkje om kulturmidlar er 
1. april 2025.

Vår målsetting med tilskotsmidlane er å stimulere til gode kulturtilbod og opplevingar, der ein kjenner på glede, meisting, samhald, inkludering og som bidreg til å hindre utanforskap.

Samfunnsutvalet har for 2025 sett av kr 450 000 som skal gå til frivillige organisasjonar som jobbar med barn og unge, idrettslag, song- og musikklag, grendahus, løypekøyring, friluftsorganisasjonar, kunstformidling, kulturarv og elles andre kulturaktørar.

Dersom laget klarer å dekke driftsutgiftene sine gjennom inntekt på arrangement gjennom året, så er det gjerne ikkje behov for offentlege kulturmidlar.

Kven kan søkje?

Lag som har har høge driftsutgifter, og problem med å få nok inntekter til å dekke dei. Det er også muleg å søke om kulturmidlar der laget skapar noko som bidreg til eit fellesskap. Her er det viktig at dette vert utdjupa i søknadsskjema, slik at kommunen får eit godt vurderingsgrunnlag.

Les meir om tilskotsordningane her. 

Søknadskjema

Ver obs på at det er to ulike søknadskjema (sikker pålogging med ID-porten)

Skjema for kulturmidlar

Skjema for tilskot til naturforvaltning og friluftsliv
 

NM Taekwondo 2023 Birte Fossheim