Planen er sendt til mekling
Kommunestyret vedtok at kommunedirektøren skal varsle aktuelle motsegnsmynde om mekling på grunnlag av kommuneplanen slik den ligg føre, med formannskapet sine tillegg. Planen vart denne veka sendt til motsegnsmynde for vidare handtering og mekling. Dette medfører at planen i sin heilskap ikkje vert lagt ut på ei offentleg 3.høyring.
Det er eit klart mål at det sittande kommunestyret skal få den til endeleg behandling i juni.
4 nye enkeltområde i planen vert lagt ut på høyring
I møtet vart det lagt inn 4 nye areal som ikkje har vore på høyring tidlegare.
Dette gjeld følgjande areal:
- Utviding av Høgenausen mot Leirbrekka – til bustadformål
- Utviding av Gloppestad/Slagstad – til bustadformål
- Utfylling i sjø til friområde vest for Sandane sentrum – formål grønstruktur
- Utviding av gravplassen ved Gamle Gimmestad kyrkje – offentleg formål/gravlund
Desse fire areala vert difor no lagt ut på høyring i seks veker i tråd med PBL §11-15. Sjå eiga nyhetssak om dette.
Meir informasjon
Sjå heile saka frå kommunestyret her
Sjå utsendingsbrev til motsegnsmynde, sendt 21. februar