Gjennom planstrategien skal kommunestyret velje retning for kommunen sin framtidige utvikling, med utgangspunkt i nasjonale og regionale forventningar og kommunen sine lokale utfordringar og føringar.
Følgjande tre lokale dokument dannar grunnlag for ny planstrategi for kommunestyreperioden:
- Kunnskapsgrunnlag 2023 – Helse og trivsel i Gloppen
- Kommuneplanens samfunnsdel Gloppen kommune 2018 – 2030
- Kommuneplanens arealdel 2023 – 2035
Med utgangspunkt i desse føringane og våre lokale utfordringar skal kommunestyret vurdere om kommunen sine planar er oppdatert, vurdere behovet for nye planar i komande 4-årsperiode og prioritere desse. Framstillinga vil bli gjort så kortfatta og konkret som mogleg – for å gje ein enkel og rask oversikt over dei viktigaste satsingsområda og kva planar som skal utarbeidast i løpet av perioden. Planstrategien kan også nyttast til å vurdere kommunen sitt plansystem og tilgjengelege planressursar.
I forkant av utarbeidingsfasen ønskjer vi innspel til planstrategiarbeidet. Desse innspela vil følgje saka og inngå som grunnlag for utarbeiding av planstrategi ilag med oppsummeringa frå kommunestyret sitt planstrategiverkstad på nyåret.
Har du innspel?
Eventuelle innspel og merknader skal sendast til postmottak@gloppen.kommune.no eller brev til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane Frist for å kome med innsel er 11. desember 2023.
Gjeldande plantstategi
Her kan du finne meir informasjon om gjeldande planstrategi for 2020-2024