Hjerterommet
Her er det ein vegg som kan utsmykkast med bilde eller kunst rett på vegg, og det vil også vere mogleg med installasjonar som heng ned frå tak og eventuelt bruke trappa.
Det er vektlagt at barn og unge som i dag går på Hyen skule skal få kome med tankar og innspel til kunstnaren si utforming og få kunnskap om kva som ligg bak det ferdige kunstprosjektet.
Det er sett av inntil kr 500.000 til kunstnaren som blir engasjert, og dette skal dekke alle kostnader med kunstprosjektet – kunstnarisk arbeid, material, montering, reise, møte og medverknad.
Val av kunstnar vil bli plukka ut basert på beskriving og gjenomføring av tidlegare arbeid.
Snitt av Hjerterommet, Hyen skule
Kva må søknaden innehalde?
A. Beskriving: ein kortfatta tekst som grunngjev kvifor vi skal velje din kunstnariske praksis og kompetanse til utsmykking av Hyen skule (maks 1500 tegn)
B. Ein samla PDF (maks 8 sider) med bilete av relevant kunstnarisk praksis/verk med materiale, format og produksjonsår. PDF’en bør ikkje overstige 5 MB.
C. Bio/CV og Artist Statement, med lenke til eventuell nettside
Det er ikkje forventingar om konkrete forslag i denne omgang. Kunstnar får heller ikkje betalt for å levere inn søknad, og val av kunstnar vert gjort av kunstkomiéen utifrå tidlegare prosjekt/arbeid.
Fullstendig utlysingstest/informasjon finn du her (PDF, 665 kB)
Har du spørsmål?
Eventuelle spørsmål om søknadsprosessen kan rettast til: