Invitasjon til alle foreldre - delta i ICDP gruppe

Eit lavterskeltilbod for alle foreldre, med barn frå 0-16 år.

For deg som ønsker eit endå betre samspel med barnet ditt - Med fokus på trygg relasjon.

I ein travel kvardag kan det vere lite tid til å tenke over korleis vi er foreldre, og kor viktige vi er for barna våre.

I foreldrerettleiingsgruppa vil du møte andre foreldre, dele erfaringar og drøfte gleder og utfordringar. ICDP foreldrerettleiingsprogram er eit internasjonalt program som er basert på 8 ulike tema for eit godt samspel med barnet ditt.

Du kan lese meir om dette på Bufdir sine nettsider 

Tid og stad?

Gruppa møtest ein gong i veka, 8 gongar, ca 1,5 -2 timar kvar gong.
Første treff blir i veke 40. Dag og tid avklarer vi ved påmelding.
Kurset vert leia av Kristin og Janne som er sertifiserte ICDP rettleiarar.
Vi håpar du vil vere med! Tilbodet er gratis.

Påmelding/meir informasjon

Ta kontakt med: Kristin Ramslien, telefon 97991075
Janne Almenning, telefon  94791641
innan 13. september.