Influensa og Covid
Gloppen legesenter har fått melding om at vi får levering av vaksiner seinast i veke 42, altså seinast 20. oktober.
Vi startar med vaksinering så fort vi er klare, etter at vi har motteke leveringane. Det blir som i fjor to vaksiner, ei influensavaksine, og ei Covidvaksine.
Vi sender ut meir detaljert informasjon når vi har konkrete datoar og tidspunkt. Men truleg vert det vaksinering i slutten av oktober.
Kikhoste og Pneumokokk (lungebetennelse)
Når det gjeld vaksine mot kikhoste og pneumokokkar må du sjølv bestille deg time med fastlegen din for vurdering.