Høyring: Kommunedelplan for klima og miljø 2024-2030 – Høyringsfrist 19.08.2024

Gloppen kommune har utarbeidd framlegg til kommunedelplan for klima og miljø 2024-2030, som formannskapet i møte den 12.06.2024 i SAK FOR-046/24 vedtok å legge på høyring og offentleg ettersyn.

Les høyringsutkastet her

Har du innspel?

Innspel skal merkast med «24/3341», og kan sendast via e-skjemaet:

Skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no, eller post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Vidare planprosess

Når høyringsfristen er ute, vil kommunedirektøren samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før planforslaget vert lagt fram for sluttbehandling og vedtak. 

Frist for å kome med uttale er sett til 19.08.2024.