Høyring: Forskrift om jakt etter hjort og minsteareal

Samfunnsutvalet vedtok 22. januar å legge framlegg til forskrift om jakt etter hjort og minsteareal i Gloppen kommune ut på høyring, med 14. februar 2025 som høyringsfrist.

Det er vedteke at hjortebestanden i delar av kommunen skal reduserast og stabiliserast på eit lågare nivå. Etter ei heilskapleg vurdering av datagrunnlaget i kommunen legg ein fram eit forslag om å endre mistearealet i delar av kommunen frå 500 dekar til 350 dekar per løyve. 

Det er kort høyringsfrist, dette for å få på plass forskriftsendring innan 15. mars som er frist for endring.

Høyringsdokumentet finn du her

Merknader

Du kan kome med skriftleg uttale til forskrifta.
Uttale skal merkast med 25/83 eller Forskrift om jakt etter hjort og minsteareal, og kan sendast via e-skjemaet:

Gå til skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post.
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.