Høyring: Detaljregulering for fjordfronten Sandane sentrum

Detaljregulering for fjordfronten Sandane sentrum (med planID: 2021) vart handsama av samfunnsutvalet den 10.04.2024. 

Høyringsfristen er 23. juni 2024

Sjå samfunnustvalet si handtering av sak 031/24

Gloppen kommune legg privat framlegg til detaljregulering for fjordfronten Sandane sentrum, utarbeidd av Kibsgaard-Petersen AS på vegne av FICO AS, ut til fyrstegongs høyring og offentleg ettersyn.

Føremålet med planen

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ynskja sentrumsutvikling i Sandane, av dette arealdisponering for bustad, næring, forretning, kontor, parkering, leikeplass og park med tilhøyrande fjordpromenade. 

Planen skal og etablere eit trygt trafikkmønster for både bilar og mjuke trafikantar, samt etablering av ny kollektivterminal. Det er vektlagt at sentrumsområdet skal kunne utviklast trinnvis.

Sjå planbeskriving og vedlegg som føl planen

Merknader til planforslaget

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. 
Uttale skal merkast med «24/2623», og kan sendast via e-skjemaet:

Skjema for høyringsuttale  (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller 
post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Vidare planprosess

Når høyringsfristen er ute, vil kommunedirektøren samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før planforslaget vert lagt fram for sluttbehandling og vedtak. Berørte naboar og grunneigarar vil få tilsendt kunngjering etter vedtak.

Frist for å kome med uttale er sett til 23.06.2024.