Kommunedirektøren sitt forslag
Handlings- og økonomiplan for 2025-2028 (07.11.2024)
Tilleggsforslag som vart fremja i formannsskapsmøte 27.11.2024:
1. Verbalforslag frå Gloppen Sp
Strukturendring oppvekst og helse, framlegg frå Per Jarle Myklebust, Senterpartiet
Gloppen kommunestyre vedtek å utsette kommunedirektøren sitt framlegg om tiltakspakke innafor skule og helse med eitt år.
- Tiltakspakken skal splittast opp med ein skuledel, ein helsedel (legesenter), ein omsorgsdel og ein del for andre tiltak.
- Det skal utgreiast ulike alternativ for samordning for Sandane skule og Nordstranda skule. Utgreiingane skal syne ulike alternativ med samling av skulane og kva arealkrav det er behov for ved ein framtidsretta felles skule og ulike samhandlingsalternativ der ein nyttar begge skulestadane.
- Det skal ugreiast ulike alternativ for at legesenter m.m. framleis skal vere i Sandane sentrum. Dette kan vere forlenga leige av dagens lokalitetar, men og vurdering om det er andre aktuelle lokale i Sandane sentrum – for eksempel i det nye «Fico-bygget».
- Eventuelt nytt omsorgsbygg på Kleivedammen vert vurdert etter at det er avklart kvar legesenteret skal vere.
- Framtidig lokalisering av NAV-kontoret skal vurderast som ein del av tiltakspakken.
- Det skal utgreiast vidare kommunal drift av omsorgsbustadane på Byrkjelo, Reed og i Hyen med innsparingskrav på 1,0 mill.
- Ny leigeavtale for lokale til Gloppen Opplæringssenter må prioriterast og leggast fram for kommunestyre seinast på kommunestyremøte 20. mars 2025.
- Kommunedirektøren skal legge fram status for arbeidet på kommunestyremøte i juni.
2. Verbalforslag frå Gloppen KrF
Årsbudsjett og økonomiplan, framlegg frå Ragne Mari Røed Kandal, Kristeleg Folkeparti.
KrF kan ikkje vere med på felles framlegg med fleirtalet av partia i posisjon før vi har fått ei utgreiing som viser innsparingar vi kan få til ved samdrift og felles administrasjon for Sandane og Nordstranda skule, med drift på begge skulane organisert med deling av småskule og storskule. Vi ser at dei demografiske endringane krev at vi gjer grep i høve å dreie kostnadane frå oppvekst til helse i kommunen. Det er naturleg å vurdere å slå saman Sandane og Nordstranda skule, sjølv om vi er urolege for plassmangel, byggets tilstand, og utearealet ved Sandane Skule.
- Ved eventuell samanslåing av Sandane og Nordstranda skule må det føreligge ein tydeleg funksjonsplan som skisserar romløysingar for elevar, og arbeidsplassar for tilsette ved Sandane skule. Det må sikrast god medverknad i alle prosessar for elevar, foreldre og tilsette. Før tiltaket kan gjennomførast må ein ha betre oversikt over konsekvensane. Vi vil foreslå at kommunestyret vedtek samdrift i første omgang med utsetjing av samanslåinga slik helse og oppvekstutvalget foreslår til ein har fått utgreia meir og det føreligg ein god plan for utbetring av uteområdet. Kvalitet og funksjonalitet må sikrast på uteområdet - det må tilretteleggast for ulike typar aktivitet slik opplæringslova krev. Vi må tenkje langsiktig og legge til rette for ein bærekraftig og framtidsretta Gloppen skule.
- Vi er spørjande til innsparingstiltaket og nytten av å flytte GOS til Nordstranda skule. Mange av elevane bur i sentrum, og/eller er avhengige av offentleg transport til skulen. Lokalisering på Nordstranda kan gjere dette vanskeleg.
- Vi ynskjer at legesenteret skal vere lokalisert i sentrum, og går såleis imot å lokalisere dette på Kleivedammen. Ein ber kommunedirektøren gå i forhandlingar med noværande eigarar av arealet ved helsesenteret, slik at ein kan vurdere omfanget av eit eventuelt utkjøp.
- KrF vil be kommunedirektøren om å utgreie kostnad ved rehabilitering av dei 18 plassane ved omsorgssenteret som pr i dag ikkje er i bruk. Vi meinar vi må ruste opp og nytte det vi har, sjekke opp i ledige lokaler i blålysbygget.
3. Verbalframlegg frå Gloppen SV
til kommunebudsjett og økonomiplan, framlegg frå Hege Lothe, Sosialistisk venstreparti
Kommunestyret vedtek å utsetje "budsjettpakka" knytt til helse, omsorg og skule med sikte på å bruke 2025 til å få gjennomarbeidde og utgreiie framlegg til løysingar som skal vere klare til budsjett-og økonomiplanvedtak neste år. Med tanke på å handtere demensbølgja (i tillegg til eldrebølgja) ber kommunestyret om at demenstun vis-a-vis Gotatoppen også vert del av utgreiinga.
Alternative budsjettforslag i Framsikt
Lenke vert lagt inn når eventuelt partia gjev beskjed om publisering
Spørsmål
Kan rettast til økonomisjef Benedicte Moritsgård Refvik
E-post: benedicte.refvik@gloppen.kommune.no
Telefon: 91 83 93 75
Merknadar
Har du merknadar til dei eit av dei to politiske framlegga vil vi gjerne høyre frå deg innan fristen 16. desember.
Gå til skjema for registrering av dine innspel