Hjortejakta startar 1. september

For alle jaktinteresserte er nok 1. september allereie markert i kalendaren. 

Saman med informasjon til alle valdleiarar og jegrar, og ynskjer vi alle skitt jakt, med høg fellingsprosent og balansert uttak!

Jakttida for hjort er frå 1. september til og med 23. desember.

Ettersøk

Alle jaktlag og personar som jaktar åleine, skal ha tilgang på godkjent ettersøkshund. Ei avtale må vere på plass innan jaktstart.  Ved private avtalar (dvs ikkje med ettersøksringen) skal avtalen sendast til kommunen. 
skjema frå Gloppen ettersøksring : 1- årsavtale
skjema frå Gloppen ettersøksring - 3-årsavtale  

Vaktliste for Gloppen ettersøkshundring for jakta 2024 finn du her (PDF, 109 kB)

Oppsummering av viktig informasjon

  • Fellingsrapport skal leverast av valdleiar innan måndag 6. januar 2025. Fellingsrapport leverast på skjema eller digitalt gjennom hjorteviltregisteret. Det skal informerast om kjønn og alderskategori på alle felte dyr, inkludert kalv skote på kvotefri jakt. Det forventast at
    jeger undersøker kjeven på felte dyr for å rapportere inn rett alderskategori. 
  • Alle godkjente vald kan nytte seg av kvotefri jakt på kalv. 
  • Det har kome ny versjon av appen «sett og skutt». Denne må lastast ned på nytt og den gamle kan avinstallerast. 
  • Kjevelappar kan hentast på Heradshuset. 
  • Dyr med halsband frå merkeprosjektet «Vesthjort» skal ikkje fellast. Sjå eigne rutinar ved felling av merka hjort (med eller utan halsband) eller tilhøyrande kalv. 
  • Fellingsavgifta i Gloppen er:
    - Vaksen: kr 384
    - Kalv: kr 73 
  • Ettersøksavgift ved avtale med ettersøksringen: kr 130 per dyr

Årshjul

Årshjul over valdleiar sine arbeidsoppgåver gjennom året

Meir informasjon

Utmarksforvaltaren i Gloppen sitt infoskriv om jakta 2024 kan du lese i si heilhet her

Gå til kommunal informasjon om hjorteforvaltning