Gloppen kommune, Villreinnemnda og SNO oppmodar folk om å gi dyra fred i vinter

Det er store snømengder no og fleire av hjortedyra trekk til områder nærare folk. Blant anna er det reinsdyr på Utvikfjellet som har oppsøkande tendens til skigåarar. Ikkje gå bort til eller gi mat til villrein sjølv om dei er tamme, og ha kontroll på hundar. Hald deg i ro viss du ser ein villrein, slik at den kan trekke seg unna.  

Dyra tærer på feittlagaret sitt om vinteren og reduserer både aktivitet og stoffskifte for å minke energibehovet. Uroa dyra brukar meir energi på unødige føremål og dei kan bli i dårlegare form på sikt. Det er difor viktig at dyra får fred om vinteren og at ein prøver å halde avstand og uroe dei so lite som mogleg. Dette gjeld alle hjortedyr. 
Ved observasjon av sjuke, avmagra eller skada dyr, ta kontakt med fallviltgruppa på tlf: 99 71 45 22 eller kommunen.  

Alf Erik Røyrvik