Fylkeskommunen lyser ut midlar til kulturbygg og -arenaer for 2024

Vestland fylkeskommune lyser ut to tilskotsordningar for kulturarenaer som lag- og organisasjonar kan søke på.  

Den eine av dei er knytt til spelemidlar, og må via Gloppen kommune sitt anleggsregister.

Tilskot til kulturbygg

Denne tilskotsordninga er finansiert med spelemidlar frå Kulturdepartementet. Ordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.  Frivillege lag og organisasjonar, og selskap kan søke. Kommunen har eit ansvar for å sjekke ut at søknader som kjem inn via anleggsregisteret frå Gloppen, stettar krava og at alle nødvendige vedlegg er lagt inn. Dersom det er fleire søknader frå vår kommune,  skal det gjerast eit politisk vedtak om prioritering. Søknadsfristen er 15. april 2024.

Les meir om tilskotsordninga på Vestland fylkeskommune si nettside.

Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar

Fylkeskommunen har også ei anna tilskotsordning for kulturbygg/-arenaer med regionale funksjonar. Denne søknaden går direkte til Vestland fylkeskommune og vert handsama der. Søknadsfristen er 30. april 2024

Les meir om denne tilskotsordninga på fylkeskommunen sine nettsider.

Andre tilskotsordningar og ressursar

Elles informerer fylkeskommunen om nyttige lenker med informasjon til lag og organisasjonar som skal sikre gode lokale kulturføremål. Sjekk ut kulturlokaler.no - ei ressursside med informasjon om ulike tilskotsordningar og andre gode tips.