Foreldrerettleiingskurs på nyåret - kva skal eg velge?

På nyåret startar vi opp to ulike foreldrerettleiingskurs. Alle foreldre  som ynskjer å bli trygge i foreldrerolla og få eit enda betre samspel med barna sine er velkomne til å delta på kursa våre.

Begge kursa har oppstart i veke 2. Gruppene møtest ein gong i veka på kveldstid, 8 gongar, 1,5-2 timar pr. gong. 

To ulike kurs å velge mellom

Kursa kan vere litt like - men samtidig ulike, og vi har stor forståing for at det kan gå litt i surr, og at ein kan bli litt usiker på kva ein skal velje.  

Foreldrerettleiing - Tryggleikssirkelen - COS

  • Oppstart 8. januar 2025 kl 18
  • Kurshaldar Gunnhild Helle og Else Marie Aske
  • Vår anbefaling til foreldre med barn 0-5 år

 

Foreldrerettleiing - ICDP-modellen

  • Oppstart 9. januar 2025 kl 18
  • Kurshaldar Kristin Ramslien og Janne Almenning
  • Vår anbefaling til foreldre med skulebarn og undommar

 

Begge kursa er tilrettelagt for foreldre med barn i alle aldrar (0-18 år) , men for å hjelpe foreldre til å velge så anbefaler vi foreldre til barn 0-5 år å gå COS kurs, og foreldre til skulebarn og ungdommar å gå ICDP kurset.  Men dette er berre ei anbefaling, du kan velge mellom begge kursa heilt uavhenging av alderen på barna dine. 

Begge kursa er evidensbaserte, det vil seie at dei har vore forska på med gode resultat. Forskinga syner at foreldre som har gått kursa har blitt tryggare i foreldrerolla, at dei kjenner meir nærleik til barnet sitt, dei opplever mindre konflikt med tanke på barneoppdraging, og at foreldre praktiserer ein meir støttande foreldrestil etter kurset.

Hugs å melde deg på

Kursa er gratis, men du må likevel melde deg på innan 20. desember. 

Påmelding til Tryggleiksirkelen, COS: Gunnhild Helle, telefon 40 43 39 61 eller Else Marie Aske, telefon 97 99 10 73

Påmelding til ICDP-modellen: Kristin Ramslien -  telefon 97 99 10 75  eller Janne Almenning - telefon 94 79 16 41