Ferievikarar i kommunale barnehagar
Vi har behov for vikarar som kan jobbe veke 27, 28, 31 og 32. Enkelte av barnehagane kan ha behov for hjelp utover desse datoane. Dersom du i tillegg er tilgjengeleg som vikar vårhalvåret 2025, så skriv dette i søknaden.
Sjå stillingsutlysing
Søknadsfrist 1. februar 2025
Ferievikar i Miljøarbeidertenesta
Har du erfaring frå arbeid innan helse, eller lurer du på om dette er noko for deg? Eller er du nyutdanna sjukepleier, vernepleier og kunne tenkt deg å prøve ut og arbeide i medleverturnus? Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet. Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe frå veke 27 til 32 vert prioritert.
Sjå stillingsutlysing
Søknadsfrist 15. januar 2025
Ferievikar i Gloppen heimeteneste
Heimetenesta har behov for ferievikarar i fleire av våre einingar. Er du omgjengeleg og er god på å skape relasjonar til andre mennesker? Då treng vi deg som ferievikar i Gloppen kommune. Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt. Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33, nokre einingar også veke 25 og 34. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, heimehjelper og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og dei som kan jobbe seks veker blir prioritert.
Sjå stillingsutlysing
Søknadsfrist 15. januar 2025
Ferievikarar i Bu- og omsorgstenesta
Bu- og omsorgstenesta yter tenester til omlag 78 brukarar. Tenesta består av Oreteigen og Gotatoppen som er omsorgsbustader, ei avdeling for korttid/rehabiliteringsplassar, ei skjerma avdeling, kommunale akuttplasser og institusjonskjøken. Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33, nokre einingar også veke 25 og 34. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, kokk og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe seks veker vil bli prioritert.
Sjå stillingsutlysing
Søknadsfrist 15. januar 2025