Detaljreguleringsplan for Fugledalen

Gloppen kommunestyre vedtok på møtet 20. mars detaljreguleringsplan for Fugledalen. Planen har vorte justert etter høyringa hausten 2024, og vart vedteken utan ytterlegare endringar. 

Plandokumenta vil vere tilgjengelege 

Fram til 22. april

Dei er også tilgjengelege i digitalt planregister og gjennom kommunen si kartløysing på nett.

Les saka med vedlegg her

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på

til Statsforvaltaren, jfr. pbl. §1-9 og forvaltingslova kapittel VI. Ei eventuell klage skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal sendast Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane eller post@gloppen.kommune.no innan 22. april.

Krav om erstatning eller innløysing, jfr. pbl. kapittel 15, skal vere framsett innan tre år frå denne kunngjeringa.