Møteboka frå sak 117/24 i kommunestyretmøtet kan du lese i si heilheit her.
Det alternative budsjettforslaget frå H, AP, KrF, MDG og V vart vedteke med følgjande nøkkeltal .
![](/handlers/bv.ashx/ic79ee12d-3c07-4a05-b89c-c1b0378773ca/w1200/q4534/k99c495f6a92d/budsjettvedtak_kstyre_18des24_nokkeltal.jpg)
Gå til fullstendig framlegg her
Dette inneholdt følgjande endringar i høve til kommunedirektøren sitt framlegg:
Tiltakspakke
Tiltak - strukturendring skule og helse
- Strukturendringane vert utsett 1 år
- Administrasjonen for Nordstranda og Sandane vert slått saman frå og med skuleåret 2026/2027. Innsparingspotensialet vert førebels estimert til -250 000 kr i 2026 og -0.5 mnok i 2027.
Drift
- Slå saman kultur- og næringssjef, og yte årleg driftstilskot til Gloppen Næringsorganisasjon (innsparing på -250 000 kr i 2025 og deretter -0.5 mnok per år frå 2026)
- Ikkje styrke barnevern (-0.8 mnok per år frå 2025)
- Styrke grunnbemanning i barnehage med 1.8 årsverk (auka kostnad med 630 000 kr i 2025, deretter 1.26 mnok per år frå 2026)
- Redusere kostnad gjennom å ta ned tal kommunestyre-representantar, møtefrekvens og endre delegeringsfullmakt (-55 000 kr i 2027 og deretter -110 000 kr per år frå 2028)
- Kulturskulen - Ta ned 0.6 årsverk musikkterapi (-0.5 mnok årleg frå 2025)
- Redusere kommunen si innbetaling til Samarbeid i Nordfjord (innsparing på -150 000 pr år frå 2025)
Investering
- Prosjekt - Vegutbetring - Fjellbygdevegen fyrste del vert teke inn med 1.875 mnok i 2025
Verbalvedtak
Sjølvkost
Kommunestyret ber kommunedirektøren kome attende til kommunestyret, seinast til møtet i juni 2025, med ei sak omhandlande sjølvkostområdet i kommunen begrensa til vatn og avløp (VA) området. Saka må belyse korleis kommunen reknar seg fram til driftskostnadane og kapitalkostnadane, inkludert avskrivingstid og kalkylerente som legg føringane for gebyrnivået. Ei halvering av meirverdiavgifta på sjølvkostområdet slik forslaget i statsbudsjett for 2025 legg opp til må, dersom det er avklara kva område det gjeld, synleggjerast i saka. Vedtaket var samrøystes
Revidering av barnehage- og skulebruksplan
Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeidet med rullering av barnehage- og skulebruksplanen med tanke på, innan kommunestyremøtet i juni 2025, å legge fram ein revidert barnehage- og skulebruksplan som er i tråd med vedtatt budsjett- og økonomiplan for perioden 2025-2028.
Oppvekst- ber om politisk sak om eventuell styrking av barnevern og barnehagebemanning
Syner til tiltak i budsjettframlegg frå samarbeidspartia under tenesteområde oppvekst. Ber kommunedirektøren om å kome tilbake til kommunestyret med ei politisk sak seinast til kommunestyremøtet 30. mars 2025 som ser på behov for auke av bemanning knytt til barnevernstenesta og styrka grunnbemanning i barnehage i samanheng og prioriterar ressursane der det er størst behov.
Helse og omsorg
NAV-kontoret skal vurderast relokalisert for å fristille areal ved Gloppen helse- og omsorgsbygg. Mellom anna vurdere om ein kan tilby NAV ledig areal i Blålysbygget. Kommunestyret ber om at det skal greiast ut ulike alternativ for at legesenteret framleis skal vere i Sandane sentrum. Dette kan vere ein forlenging av leige av dagens lokalitetar, men og greie ut om det er andre aktuelle lokaler som kan bli tilgjengelege, enten for kjøp eller leige i Sandane sentrum. Eventuelt nytt omsorgsbygg på Kleivedammen vert vurdert etter at det er avklart kvar legesenteret skal vere.
Sjå saksgang i arbeidet med handlings- og økonomiplan