Bli med på markering av arbeidet med Eidehøvdingen sin gard!
Onsdag 16. oktober kl 14 inviterer kommunen til ei opa markering av arbeidet som er gjort ved Eidehøvdingen sin gard. Området ligg inne på Eide, bortanfor Mona Vekst. Det blir feiring med kaffi og kaker, informasjon om prosjektet og tankar om vidare arbeid.
Første steg på utvikling av Kulturminneparken – Eidehøvdingen sin gard
I 2024 fekk Gloppen kommune tilskotsmidlar frå fylkeskommunen, og i lag med Gloppen Sogelag og Eidehøvdingens vener har første steg i utvikling av kulturminneparken på Eide blitt realisert. Området er planert, det er markert kor hovudhuset og fjøsen etter Eidehøvdingen stod plassert, det er laga universelt utforma gangsti inn i område og sett opp informasjonsskilt.
Eidehøvdingen sin gard - Kulturminneparken på Eide.
Birte Fossheim
Denne dagen markerer vi arbeidet som er gjort, og løfter blikket framover for kva som kan vere neste steg. Markeringa er tenkt vil ta om lag 1 time.
- Velkommen og kort informasjon om prosjektet – Birte Fossheim kultursjef
- Informasjon om utgravingane og funna som var gjort i 2000 – Søren Diinhoff frå Universitetet i Bergen
- Kva no? Jan Ove Rygg, varaordfører
- Servering av kaffi og kaker
Velkommen!!
Illustrasjon av Arkikon
Publisert 30.09.2024 16.22