Barnehageopptak - søknadsfrist 1. mars

Søknadsfrist for hovudopptaket til barnehageåret 2024/2025 er 1. mars 2024. 

Søknadsfrist for deg som har barnehageplass, men som vil endre plasstorleik eller  bytte barnehage er 20. februar 2024.  

Nytt barnehageår startar 15. august 2024 som er planleggingsdag. 
Første dag i barnehageåret er 16. august.

Det er eit samordna opptak mellom alle barnehagane i Gloppen, der vedtektene til barnehagane styrer opptaket i tillegg til at det skal samordnast for å gje eit best mogeleg tilbod til flest mogeleg. I samordninga er alder på barn, søsken, samansetjinga av barnegruppene med kjønn og alder, adresse, bemanning, ledige plassar og andre faktorar som påverkar opptaket. 

Barn som søkjer barnehageplass har rett på plass innanfor kommunen og ikkje alltid den/dei prioriterte barnehagane. Du treng ikkje ha adresse i Gloppen når du søkjer, men må ha det når barnet skal byrje i barnehagen.

Velkomen som søkjar. 

Søk om ny plass i barnehage her! 

Endring eller oppseiing av plass!