365 dagar med motstand

I høve markeringa for Ukraina den 24. februar, på dagen eitt år etter invasjonen frå Russland, var det innsamling av pengar til Ukraina. Det kom inn heile 28.685 kroner og pengane blir overført til Røde kors.

Tusen takk for alle som gav. Og tusen takk til alle som kom og gjekk i fakkeltog til Heradsplassen. Når vi veit at det var 1000 i toget i Oslo, er det stort med eit lysande tog med 200 faklar og om lag 400 frammøtte i Gloppen. Det betydde mykje for ukrainarane som deltok og for oss alle som var der.
Takk!

Med helsing dei politiske partia i Gloppen og alle medtilskiparane 

Mennesker i fakkeltog - Klikk for stort bilete Anvor H.