Vinterferie og mykje som skjer på kulturfronten

Litt dårlege vermeldingar for vinterferien i veke 8, men til trøst er det er mykje som skjer på kulturfronten i Gloppen!

Klikk for stort bileteFestivalen Ose Kammerspel frå 26. - 28. februar i kultursalen.  

Kultursalen

Fredag 26. til søndag 28. februar er det festivalen Ose Kammerspel med flotte konsertar fordelt over tre dagar.

Kino

I vinterferien kan du velje mellom desse filmane - Wonder Woman, Lassi kommer hjem og Fleix på ville veier.

Bad og Idrett

Opningstider symjehall
Tysdag - torsdag kl 16 - 21
Laurdag - søndag kl 12 - 17

Opningstider idrettshall:
Måndag - fredag: 16 - 21 
Laurdag - søndag 12 - 17

Drop-in timar i idrettshallen
Du kan leige deg ein hall i vinterferien innanfor opningstidene, så lenge du trenar med kohorten din. Ei heil handballbane koster kr 300 pr time, men du kan også leige ½ handballbane til kr 150 pr time. Ta kontakt med resepsjonen for booking og leige, eller om du har spørsmål om bruk av idrettshallen. Kanskje de er to som ønskjer å kaste ball medan de ventar på nokon som er på trening? Det går fint, men avklar med dei i resepsjonen, så får du vite når neste gruppe som skal bruke hallen dukkar opp.

Gloppen folkebibliotek

Kos deg med ein god bok i vinterferien! Den finn du på Gloppen folkebibliotek.
Opningstider i vinterferien i veke 8: månd – torsd – kl 10-15. Fredag og laurdag – stengt.

Les meir om arrangementa og kjøp billettar på www.trivselshagen.no

Klikk for stort bileteVisste du at du kunne leige drop-in timar i idrettshallen? Birte Fossheim