Vil du ha koroanavaksine?

No sender vi ut sms til innbyggjarar i Gloppen som er født i 1957-1961 (risikogruppe 8) der vi spør om du ynskjer vaksine mot korona. Sms'n som vert sendt ut inneheld ei lenke som du må klikke på, for deretter å svare ja, eller nei til å motta vaksine. 

Dei som ikkje svarar på sms - vil bli kontakta på anna vis. 

Når vi har motteke svar sorterer vi ut dei som ikkje ynsker vaksine. Dei som svarar ja vil etterkvart få innkalling til vaksinasjonstime.  Det kan godt vere at du vil motta ny sms med informasjon om å bestille din eigen time via Pasientsky. Alternativt kontaktar vi deg direkte.   

Det vil ta nokre veker før vi kan tilby vaksiner til denne gruppa som no mottek sms, men vi førebur arbeidet vårt med å innhente samtykke til vaksine i god tid.

Status 

Status i vaksinearbeidet så langt, er at i løpet av veke 18-19 reknar vi med at vi har tilbydd vaksine (fyrste dose) til alle i risikogruppe 4 (65-74 år + personar med høg risiko). 

Sjå kor langt Gloppen er komt med vaksinering her

Sjå informasjon om Pasientsky her

Klikk for stort bilete