Utviklingsfondet for Naustdal- Gjengedal landskapsvernområde

Tilskot 2021

Etter vedtektene for utviklingsfondet kan avkastning av fondet brukast til næringsutvikling, fellestiltak og tiltak for folk flest i nærområdet til, eller innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Grunneigarar og grunneigarsamanslutningar med rettar innanfor landskapsvernområdet kan søkje om tilskot. Det same kan lag, organisasjonar og andre som ønskjer å utvikle verdiane i området. Her stiller vedtektene krav om samarbeidsavtale med dei som har rettar knytt til landskapsvernområdet.

Du finn søknadsskjema og vedtektene på heimesidene til kommunane Gloppen og Sunnfjord.

Søknadsfrist er 22. mars 2021.

 

Søknad skal leverast elektronisk:        Søknadsskjema

 

Spørsmål kan rettast til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane eller til på e-post til post@gloppen.kommune.no

Kontaktperson er utmarksforvaltar i Gloppen kommune, Lindis B. Østgård tlf. 48 18 91 12.

Klikk for stort bilete