Utmeldt av Robek

På kommunestyremøtet 15. juni vedtok kommunestyret rekneskapen for 2021, der meirforbruket er dekt inn. Statsforvaltaren i Vestland har difor meldt Gloppen kommune ut av Robek-registeret. 

Det attståande meirforbruket på 5,6 mill. kroner vart i møte 15. juni vedteke inndekt, slik at alt tidlegare meirforbruk no er dekt inn. Kommunen jobbar no godt med økonomistyring for at den økonomiske handleevna skal bli ivareteken over tid.

Sjå saka frå møtet 15 juni- sak 064/22