Utlysing av Brita og Hans Thorbergsens legat

I statuttane til legatet går det fram at dette er midlar som skal gje økonomisk hjelp til funksjonshemma barn og ungdom frå gardane Egge, Gåsemyr og Strand i Breim og garden Klakegg i Jølster. Det skal også ytast hjelp til andre funksjonshemma i Breim utanom dei nemnde gardane.

Det er helse- og omsorgsutvalet som tildeler midlar frå legatet etter søknadar som er komne innan fristen. Tildeling frå legatet skal ikkje utgjere meir enn årleg avkastning.

Frist for å søke om midlar frå Thorbergsens legat er 1. oktober 2021. Søknaden skal vere skriflteg og sendast til Gloppen kommune innan fristen.

Sjå retningslinjene for bruk av Thorbergsens legat. (PDF, 464 kB)