To barn som treng ein trygg heim

Gloppen kommune har to barn i barneskulealder som treng ein stabil og trygg heim frå juli eller august, og nokre månader framover.

Oppdraget er tenkt avgrensa då planen er at barna skal tilbake til sine føresette når føresette er friske nok til å ha dagleg omsorg. Det vil seie at barna skal ha god kontakt med føresette og at samvær vil auke fram mot tilbakeføring. Det er av den grunn ein stor fordel at barna kan få bu i Gloppen kommune og aller helst i nærleik til Sandane skule og fritidsaktivitetane som dei er knytt til.

Dette er to flotte, friske barn som er avktive i ulike idrettar. Det er eit stort oppdrag og kommunen søker av den grunn to familiar, ein til kvar av barna, og det er viktig at dei to familiane kan treffast slik at søskena får oppretthalde god kontakt.

Om du kjenner på engasjement for dette og har spørsmål før du tenker vidare, ta kontakt med Janne Almenning på tlf. 94 79 16 41.

KS