Stengt bibliotek i Trivselshagen 30. januar - 12. februar

Biblioteket stenger heilt i to veker for å oppgradere utlånsteknologien. 

Gloppen folkebibliotek vert stengt frå 30. januar -12. februar. Meirope bibliotek vert også stengt i same periode. Dette skuldast ein stor intern jobb som skal gjerast knytt til skifte av utlånsteknologi: Frå strekkode til RFID. Kvar enkelt bok skal ut av hylla og handterast. Dette krev tid og konsentrasjon. Utlånsautomaten vil ikkje fungere i omstillingsperioden og meirope bibliotek må derfor stengast. 

Innlevering: Bøker kan leverast i bokkassene utanfor biblioteket og på Heradshuset som vanleg. Bøker vert ikkje purra i denne perioden, men kan gjerne leverast inn så vi får merka dei om. 

Vi minner om biblioteket sine digitale tilbod: Lån bøker eller lydbøker i appen BoobBites, les aviser og blad i appen PressReader, eller sjå film i appen FilmBib eller på Filmoteket.no. Du kan som vanleg bruke den enorme samlinga til Nasjonalbiblioteket på nb.no.  

Vi er leie for ulempa dette medfører for brukarane våre, og vi skal gjere vårt beste for at denne stengte perioden ikkje vert lenger enn nødvendig!