Sogn og Fjordane Røde Kors - Fylkestreff for unge 13+ på Nesholmen

Frå 9. til 11. september arrangerar Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane treff for alle ungdommar 13+ på Nesholmen leirstad. 

Fylkestreff er fellesskap, opplevingar, moro og meistring. Det blir eit sosialt og spennande program med situasjonsøving med brannvesenet, sambandsopplæring òg førstehjelpsopplæring. Det blir katastrofesminking, capture the flag, bålpanne, vassaktivitet i kano og båt, bading, fotball og korleis lage spjelk.

På kveldane er det bli-kjent-aktivitetar, NEONPARTY, kareoke, musikk, dans, film og brettspel.

 

Påmelding, program og meir informasjon finn du her: Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane - fylkestreff

Arrangementet er gratis, og vi dekker billigaste reisemåte. 

Colourbox