Pieter Koopmans er Årets gloppar 2021! 

Det er ei glede å gratulere ein intiativrik og heilhjerta god person med prisen Årets gloppar 2021. Takk Pieter – for innsatsen du yter! Du er med på å skape ein rikare kvardag – midt i verda. 

Ordførar Leidulf overraska Pieter fredag kveld under sommeravsluttinga til Gloppen Taekwondoklubb på TinCamp i Trivselsskogen, Der fekk han utdelt diplom, tilhøyrande blomar og eit maleri av kunstnaren Petter Eide.

Årets gloppar 2021 - Pieter Koopmans! Vi gratulerer! Birte Fossheim Prisen «Årets gloppar» skal heidre ekstraordinær innsats som byggjer opp under Gloppen kommune sine visjonar for framtida, og som er til inspirasjon for vidare innsats og for andre.  

Årets gloppar er ein person som har utmerka seg i positiv forstand i heile Gloppen, og på ein framifrå måte bidrege til kommunen sin posisjon «Ein rikare kvardag – midt i verda».  

Prisvinnaren er beskrive som ein initiativrik og heilhjerta god person som bidreg med stor integritet for å skape eit godt og inkluderande samfunn med omsorg og varme for både små og store. Han engasjerer seg og bidreg ekstraordinært på mange arenaer, og bidreg aktivt for å skape eit meir hjertevarmt samfunn.  

Pieter har vore pådrivar for å få etablert og vidareutvikla ein ny sportsgrein i kommunen som engasjerer både små og store, og der dei vert tekne vare på, på ein fantastisk måte. Gloppen Taekwondo-klubb har i dag 125 medlemmer i alderen 4-70 år, og med stor geografisk spredning (på treningane kjem det folk frå Eimhjellen i vest til Stardalen i aust). Fleire aldersgrupper trenar saman. Dette skaper eit godt nettverk på tvers av geografi og alder, noko som igjen får positive ringverknader.  

Som trenar møter han borna og ungdomen med genuin interesse, samt alle dei vaksne som og er blitt med i dette gode miljøet. Han fokuserer på inkludering, disiplin, respekt og meistring. I eit samfunn der fleire unge fell utanfor, bidreg han til å skape sjølvsikre, trygge barn og ungdomar som igjen bidreg positivt inn mot dei yngre utøvarane. Med oppmuntring og utfordring evner han å sjå den enkelte, og bidreg slik til å utvikle både sjølvkjensle og sjølvtillit.  

Pieter vert skildra som ein god rollemodell som alltid er oppteken av å stille på og bidra der han kan. Han får folk med seg, og er ein leiar på fritidsaktivitetar som bidreg sterk til å gjere borna og ungdommen vår til sjølvstendige og høflege menneske. 

Utifrå nominasjonane som er kome inn, er det heilt klart at Pieter er ein person som både små og store set umåteleg stor pris på. Han er ein person som bidreg utanom det vanlege rundt om i heile Gloppen, i ulike lokalsamfunn. 

Gloppen kommunen meiner Årets gloppar er ein flott rollemodell som verkeleg bidreg til visjonen «Ein rikare kvardag – midt i verda».