Oppfordrar til jakt på kanadagås

Det kan sjå ut som at det har blitt meir og meir kanadagås i kommunen siste åra, og etter fleire meldingar om at ein flokk med kanadagås har oppholdt seg på gjestebrygga i Sandane sentrum, vil utmarksforvaltaren oppfordre til jakt på arten.

Kanadagåsa kan gjere skadar på innmark og grasavlingar, både i form av beiting og tilskiting. I tillegg til dette er den ein uønska art i Norge, og er med på framandartslista. Her har den kategorien SE (svært høg risiko). Ifølgje artsdatabanken er dette den introduserte fuglearten som påførar mest skade på både natur og miljø.

 
Jakttida på kanadagås er frå 10.08 – 23.12.

Slik som med all anna utøving av jakt, skal denne vere sikker og human. 
Skitt jakt!

Kanadagås gettyimages