Oppdatert informasjon om smitteutbrotet 25. november

Det er registrert 4 nye personar som har testa positivt for korona det siste døgnet. Dei smitta er nærkontakter til tidlegare smitta i Austrheim barnehage.

Ein person som er smitta er tilsett ved Sandane heimeteneste. Aktuelle tilsette og pasientar som vert definert som nærkontakter er varsla og vil verte følgt opp etter gjeldande retningslinjer.

Kommuneoverlegen vil presisere at den tilsette som er smitta har følgt alle smittevernfaglege retningslinjer knytt til å vere i arbeid i helse. Dette er no den risikoen vi må leve med ved å ha eit ope samfunn med korona-smitte som sirkulerer. 

Det er til saman 118 smitta med korona i Gloppen sidan 22.10.21. 

For spørsmål til denne pressemeldinga ring ordførar Leidulf Gloppestad, tlf 977 86 989.

Er du nærkontakt og/eller har fått positiv hurtigtestprøve på korona?

Sjå øvrig korona-informasjon