No får vi mange vaksiner - uvaksinerte må prioritere, ikkje vente

Siste vekene har vi sett at det går seint å fylle opp timane som vi legg ut - og fryktar at dette kan skuldast at folk ikkje prioriterer å få vaksine no i ferien. Ikkje vent med å bestille deg time, for vi veit ikkje kor lenge vi kan tilby dose 1!

No får Gloppen mange vaksiner i vekene som kjem, vi oppfordrar derfor alle til å prioritere å bestille seg time til vaksine i veke 30 og 31. 

Vekene framover

veke 30 (29. juli) - ca 550 doser - ledige timar

veke 31 (5. august) - ca 450 doser -  ledige timar

veke 32 (12. august) - ikkje opna

Vi har ikkje opna timar i veke 32 enda, vi er nødt til å fylle opp timane i veke 30 og 31 fyrst. Dersom vi ikkje klarer å bruke opp alle vaksinene vi får tilbydd, kan det vere at vi må takke nei til levering av doser denne veka.  Frå veke 32-33 og utover startar utsending av dose 2 frå FHI, og det vil begrense tilgangen på vaksiner til dei som ikkje er vaksinert før dette. 

Korleis bestille?

Logg deg inn i Pasientsky og reserver timen din sjølv. (slik gjer du det)

Treng du hjelp til å bestille time - ta kontakt med vaksinasjonsteamet på mobil - 91 76 91 46 - open mellom kl 10-14 på kvardagar, så hjelper vi deg.

Kven kan bestille?

Alle folkeregistrerte innbyggarar over 18 år kan bestille seg time (født 2003 og tidlegare).  Personar som er busett/jobbar i Gloppen men ikkje folkeregistert her får også tilbod om å vaksinere seg her, dei må sjølve ta kontakt. 

Vi har ikkje opna for dropin-timar for personar på gjennomreise og feriebesøk.