No er det stor fare for å køyre på hjort!

Det har vore fleire påkøyrslar på dei mindre vegane i Breim dei siste dagane, til dømes ved Sårheim (Fv 5736). Det er og mykje hjort langs E39 heile vegen frå Egge på Byrkjelo til Sagefloten i Breim og andre plassar.

Ver OBS og køyr forsiktig!

Vi oppmodar alle som lagrar rundballar nær veg om å flytte desse lenger vekk frå vegen. Eventuelt, om det ikkje er mogleg, må slike rundballar gjerdast skikkeleg inn og det må ryddast vekk fôrrestar utafor gjerdet. Rundballar nær veg utgjer ein fare for liv og helse til både folk og dyr.

Klikk for stort bilete Siv K Haugen