Luftvegsinfeksjon, forkjøling, korona og testing

For tida er det mange som har symptom på luftvegsinfeksjon. Det er mange som har forkjølelses-virus og det verkar for å vere uklart kva tid ein skal teste seg når ein har symptom på luftvegsinfeksjon.

Under er nokre råd frå kommuneoverlegen:

Hovudregelen er at dersom du får symptom på luftveisinfeksjon, bør du teste deg for korona.

Det er vanskelig å skille mellom Covid-19 og andre årsaker til øvre luftvegsinfeksjon. Sjølv ved milde symptom kan du være smitta med covid-19 og bør teste deg. 

Ventar du på på prøvesvar, skal du holde deg heime til du har fått svar. Ikkje gå på jobb eller send barn i skule/barnehage. Ikkje ta offentlig transport eller oppsøk offentlige stader. Hold god avstand til andre, også hustandsmedlemmer. 

Ved negativ korona-test kan du gå tilbake på jobb/skule/barnehage når du er i god allmenntilstand (føler deg frisk og er feberfri), sjølv om du fortsatt har enkelte symptom etter luftvegsinfeksjon (rest-symptom). 

Ved positiv test skal du i isolasjon.

I familiar med fleire born som er sjuke med like symptom, og der eit av barna har testa negativt for covid-19, vil det heller ikkje vere sannsynleg at dei andre barna har covid-19 (dersom dei ikkje kan ha vorte smitta andre stader). Det kan då vere greit å sjå det an eit par dagar utan testing. Viss barna blir friske kan dei gå tilbake til skule eller barnehage. 

Ellers er det viktig å minne om at alminneleg forkjøling også smittar. Ta difor hensyn, hold avstand og ver heime når du eller borna dine er sjuke.