Landsbylaurdag der vi feirar fellesskapet!

Landsbylaurdag 23. oktober blir ein fest for fellesskapet! Vi møtast i fjordlandsbyen Sandane, og gledar oss over at vi kan vere i lag utan koronarestriksjonar. Kva er då betre enn ein fest for fellesskapet der vi feirar alt vi får til i lag, og alt vi kan gjere i lag her i Gloppen! Sjå kvarandre sine aktivitetar, bli betre kjende, og slik utvikle det fellesskapet vi har.

Fest for fellesskapet i 2019. Birte Fossheim  

Kor, korps, 4H, bygdekvinner, bondelag, småbrukarlag, Røde kors, dansegrupper, spelemannslag, idrettslag, handarbeidsklubb, interesseorganisasjonar, REKO-bønder - og alle andre som tykkjer det dei driv med er fint å syne andre - og kanskje få med andre på laget sitt?

Denne laurdagen er de invitert til Sandane sentrum for å vise fram aktivitetar eller ha ein stand på heradsplassen mellom kl 12 - 14. Aktivitetar retta mot born brukar å vere spesielt populært. Vil de ha bord eller telt må de melde det inn, og sjølv være med å rigge opp og ned.

Uansett kva de vil kome med - meld dykk på og bli med å feire fellesskapet!  Send epost til Birte Fossheim på e-post birte.fossheim@gloppen.kommune.no eller ta kontakt på mob 924 77 248

Kakebord

Det vert ikkje skikkelig fest utan kake!  Derfor utfordrar vi til kakedugnad. 

Frå onsdag 20. oktober vert det sett fram ei eplekasse på Heradsplassen der du kan hente epler gratis for å bake ei eplekake/ eller ein rett med epler som du tek med til Landsbylaurdag kl 12. Vi håpar mange tek utfordringa!  

Kakebord i 2019 Birte Fossheim  

 

 

 

 

 

 

 

 

Saman skapar vi ein rikare kvardag – midt i verda!
 

.