Kven vil du nominere til Årets gloppar?

No kan du vere med å påverke kven som får prisen Årets gloppar for året 2021. 
Vi vil ha innspel på ein person som har utmerka seg positivt ved å yte ein innsats utanom det vanlege i eitt eller fleire av lokalsamfunna våre i Gloppen. Vi ønskjer ditt framlegg om kven som bør få prisen. 

Mange måtar å bidra til visjonen og utvikling av gloppensamfunnet til "Ein rikare kvardag - midt i verda". Gloppen kommune

Retningslinjer for prisen: 

  • Prisen har som formål å heidre ekstraordinær innsats som byggjer opp under Gloppen kommune sine felles verdiar, mål, visjonar for framtida og posisjonen "Ein rikare kvardag - midt i verda". Prisen skal i tillegg vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre. 

  • Årets gloppar er ein person som har utmerka seg i positiv forstand i heile Gloppen, eller i eitt eller fleire av lokalsamfunna våre, spesielt gjennom det siste året. Gjennom sin innsats har vedkomande bidrege til å bygge opp under våre felles verdiar, mål og/eller visjonar. 

  • Prisen kan delast ut til einskildpersonar med tilknyting til Gloppen. Prisen kan ikkje delast ut til tilsette i offentleg sektor som har ytt denne innsatsen gjennom sitt virke.

Send framlegg om kandidatar skriftleg til Gloppen kommune. Framlegget må innehalde ei grunngjeving.
Merk e-posten eller brevet «Årets gloppar 2021». Frist: 25. mai 2022. 

E-post:
post@gloppen.kommune.no
Postadresse:
Gloppen kommune
Grandavegen 9
6823 Sandane

Utdelinga av prisen skjer i kommunestyret 15. juni. 


PS. Sit du og undrar på kva som er felles verdiar, mål og visjonar for Gloppen kommune? Då kan du kike i kommuneplanen sin samfunnsdel

God leselyst!

Sjå kven som har motteke prisen tidlegare