Kommunalsjef Liv Jorun Andenes sluttar

Klikk for stort bileteLiv Jorun Andenes sluttar i stillinga som kommunalsjef Siv K Haugen   Kommunalsjef Liv Jorun Andenes har sagt opp stillinga si i Gloppen kommune. Etter avtale med kommunedirektøren, vil Liv Jorun halde fram i stillinga si ut januar, og går deretter over til stilling i Oslo kommune.

Kommunedirektøren har konstituert teknisk sjef Kjell Petter Solhaug som kommunalsjef for kommuneområdet samfunn og berekraft. Konstitueringa gjeld førebels ut 2021.

Kommunedirektøren takkar Liv Jorun for innsatsen i Gloppen kommune, og ønskjer henne lykke til med nye utfordringar i Oslo kommune.