Informasjon om smittesituasjonen 14. januar

Det er registrert 5 nye personar som har testa positivt for korona i Gloppen sidan 11.01.22. Tre er nærkontakter til tidlegare smitta. To personar har ukjent smitteveg. Aktuelle nærkontakter er varsla og vert fulgt opp i tråd med nasjonale retningslinjer.

Vi minner igjen om at det framover er viktig å teste seg og vere heime ved symptom på luftvegsinfeksjon.

For spørsmål ring ordførar Leidulf Gloppestad, tlf 977 86 989.

Gloppen kommune oppdaterar informasjon på heimesida om smittetal to dagar for veka, tysdag og fredag, med mindre det ikkje er ei utvikling som gjer at ein vil ha behov for å oppdatere oftare.

Er du nærkontakt og/eller har fått positiv hurtigtestprøve på korona?

Sjå øvrig korona-informasjon