Hels på sommarvikaren Mia Kristin

I Gloppen kommune har vi mange sommarvikarar som gjer ein viktig jobb for oss!

Mia Kristin Grov (17) er ein av dei, og ho jobbar som vikar ved Gotatunet denne sommaren!

Mia er oppvaksen på Sandane og sidan ho bur her var det naturleg å ta sommarjobben her. Ho har gått på Mo og øyrane vgs. og til hausten ønskjer ho å studere til helsefagarbeidar. 

Ho søkte om jobb i helse fordi ho likar å jobbe med folk. Her får ho hjelpe dei som ikkje klarar alt sjølv.

Arbeidsoppgåvene er mellom anna utdeling av medisin, stell, lage frukost, servere mat, observere og dokumentere. Mia syns ho er blitt godt motteken. Ho har fått god opplæring og dei er snille.

Det kjekkaste med jobben er å få hjelpe dei som treng det.

Mia kan godt tenke seg å ha sommarjobb i Gloppen fleire sommarar.

Vi ønskjer Mia Kristin ein riktig god jobbsommar og takkar for at ho er vikar hos oss!

Mia Kristin er sommarvikar på Gotatunet Kari Ann Krogh