Hels på sommarvikaren Mariell

I Gloppen kommune har vi mange sommarvikarar som gjer ein viktig jobb for oss!

Mariell Kandal (21) er ein av dei, og ho jobbar som vikar ved Gotatoppen denne sommaren!

Mariell er oppvaksen her på Sandane og har lyst å vere her i Gloppen denne sommaren, sånn at ho kan vere nærme familie og vener som kjem heim frå studiane. Ho har jobba på Gotatoppen fleire sommarar no samt ved sidan av studiane, og har trivst med dette.

Mariell studerer sjukepleie ved høgskulen i Førde og til hausten skal ho til på siste året.

Arbeidsoppgåvene på Gotatoppen er varierte. Dei tar del i kvardagen til dei som bur der og hjelper dei med det dei treng i løpet av dagen. Dette inkluderer mellom anna å hjelpe bebuarane opp om morgonen, servere dei mat og drikke til alle måltid, dele ut medisinar, hjelpe dei om kvelden, dokumentere og gje rapport. Den aller kjekkaste arbeidsoppgåva er alt det vi finn på saman med bebuarane og dei gode samtalane vi har.

Det beste med jobben er gleda ein får av å kunne vere til hjelp for nokon. Målet med ei vakt er å kunne bringe fram mange smil og ein god latter, og det blir det ein god del av.

Mariell syns Gotatoppen har tatt ho godt imot og føler seg ivaretatt her. Ho kjenner seg aldri aleine på jobb, og det er lav terskel dersom ein lurer på noko. Ho har foreløpig ikkje  planar i forhold til jobb dei neste sommarane, det tar ho litt som det kjem.

Vi ynskjer Mariell ein riktig god jobbsommar og takkar for at ho er vikar hos oss!

Mariell Kandal er sommarvikar på Gotatoppen Andrea Kandal