Hels på sommarvikaren Marcus

I Gloppen kommune har vi mange sommarvikarar som gjer ein viktig jobb for oss!

Marcus Røed Frøyset (22) er ein av dei, og han jobbar som vikar ved Miljøarbeidartenesta, avdeling Åsavegen, denne sommaren!

Marcus er oppvaksen på Sandane, og har lyst å vere i Gloppen i sommar fordi han vil vere heime med familen og fordi Gloppen er den finaste plassen å vere! Han har arbeidd her tidlegare, og synest det er ein utfordrande og kjekk arbeidsstad. Ein får vere mykje ute og i aktivitet.

Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på oppfølgjing av enkelt brukar. Det beste med å jobbe akkurat her er at ein får vere mykje ute, går ein del på tur. Det er også veldig kjekt når vi kan finne på ting i lag, både tilsette og brukarar.

Marcus studerar organisasjonspsykologi, HR og leiing, og skal tilbake til studiane til hausten. Han arbeider kvar 4. helg i Miljøarbeidartenesta og skal fortsette med det til neste år og. Han føler seg godt teken imot av kollegaene, og kjem gjerne tilbake til neste sommar også sidan det er veldig kjekt å kome heim og jobbe her.

Vi ynskjer Marcus ein riktig god jobbsommar og takkar for at han er vikar hos oss!